Om oss

Brasserie Posten in Geiranger

Brasserie Posten ligg idyllisk til ved fjorden, med to uteserveringer. Den eine ligg idyllisk til ved fjorden med utsikt mot den gamle naustrekka, den andre vender mot fergekaia og med utsikt ut fjorden. Innandørs har vi ca 35 sitteplasser.

Lokalet er det tidlegare postkontoret i bygda, derav navnet Brasserie Posten. Brasserie Posten opna dørene i 2012.

Headchef Kenneth

Bak Brasseriet står Kenneth Løken og Malin Merok. Kjøkkensjef og dagleg leiar Kenneth har lang erfaring som kokk, og i 2012 gjekk endeleg draumen om å få starte sin eigen restaurant i oppfyllelse. Kenneth brenn for gode, friske, norske råvarer, og velger råvarer etter sesong. Derfor skiftar vi meny fleire gongar i løpet av sommaren, men nokre signatur rettar har fast plass på menyen, slik som fiskesuppa vår og “postburgeren”. All mat blir laga frå grunnen av, av ferske gode, kvalitets råvarer. Maten som blir servert er enkel, god og rustikk, med reine, gode smakar.

Det er ikkje berre god mat som er viktig for oss, ein treng også god drikke til. Hos oss finn du eit stort utval av øl frå norske mikrobryggeri, med leverandører som Kinn, Nøgne Ø, Ægir, og ikkje minst øl frå bygda sitt eige bryggeri – Geiranger Bryggeri. Øl frå Geiranger Bryggeri har vi både på tapp og på flaske.
Vi har og gode vinar, friske, lokal produsert eplejuice, og andre alkoholfrie alternativ.
Brasserie Posten er i hovedsak ei sesongbedrift, vi har ope kvar dag frå 1. april til 1. november. Men sjølv om turistsesongen er slutt i oktober, så stenger vi ikkje heilt ned likevel, i perioden november-mars har vi stort sett ope kvar laurdag, samt quizkveld kvar onsdag. Følg med oss på Facebook for meir informasjon om opningstider i “lavsesong”.