Smakfulle julegåver frå Brasserie Posten
Gje ei gåve som både smakar godt og kjem til nytte!
Er du på jakt etter ei fin julegåve til tilsette, styret, gode samarbeidspartnarar – eller nokon du er ekstra glad i?
Hos Brasserie Posten har vi sett saman gåveesker fulle av gode smakar og utvalde produkt som gjer kvardagen litt hyggjelegare. Ei gåve som viser omtanke, skaper glede og som mottakaren garantert vil setje pris på.
Vi tilbyr ferdige gåveesker i ulike storleikar og prisklassar, slik at du enkelt kan finne noko som passar både anledninga og budsjettet.
Har du spesielle ønskje, eller ser du etter noko heilt eige? Vi skreddarsyr gjerne gåveesker etter dine ønskje og ditt budsjett.
Gåveeskene får du kjøpt hos Brasserie Posten! Vi kan òg tilby gratis levering i nærområdet etter nærare avtale.
Gjer årets julegåver litt ekstra spesielle – med ei smakfull gåve frå Brasserie Posten!
Ta kontakt med oss for bestilling eller ein uforpliktande prat om årets julegåver.


Egenprodusert røykt ørret
I vinterhalvåret lagar vi vår eigen røykte og grava ørret, med fersk ørret frå Storfjorden som utgangspunkt. Vi tilbyr både varm- og kaldrøykt ørret, i tillegg til graven ørret – alt produsert etter tradisjonsrike oppskrifter og med fokus på gode smakar og ekte handverk.
Ørreten får du kjøpt på Café Olé, samt at den er inkludert i nokre av gåveeskene.
Lokale råvarer, tradisjon og smaken av Storfjorden!