Brasserie Posten opna dørene i 2012 og har sidan vore ein levande møteplass i hjartet av Geiranger.
Restauranten held til i det gamle postlokalet – eit bygg med historie i veggane. Her arbeidde Malin sin bestefar, kjent i bygda som «Post-Petter», då han var den første postmannen i Geiranger. I ei tid der posten var bindeleddet mellom folk, var han ein viktig del av kvardagen i bygda. Å få vidareføre liv og møteplassar i dei same lokala betyr mykje for oss – og gjer historia levande kvar dag.
Brasserie Posten blir eigd og drive av Kenneth Løken og Malin Merok, begge med sterk tilknyting til bygda og eit genuint engasjement for å skape gode opplevingar lokalt. Vi ønskjer at både fastbuande, sesongarbeidarar og tilreisande skal kjenne seg velkomne – enten dei kjem innom for ein rask lunsj eller ein lang middag.
Vi held ope frå februar til midten av desember. I lavsesongen har vi ope i helgene, medan vi i høgsesongen held ope kvar dag når bygda er fylt av liv og besøkande frå heile verda.

The revitalized art gallery is set to redefine cultural landscape.
Mat og oppleving
Hos oss står gode råvarer og smakfulle rettar i sentrum. Vi kombinerer nordiske tradisjonar med moderne innslag, og legg vekt på kvalitet i både mat og service. Atmosfæren skal vere uformell, varm og inkluderande – slik at alle føler seg heime hos oss.

Fleire møteplassar
Brasserie Posten er eigd og drive av same eigar som
Olebuda – vår populære sommarrestaurant med stor og flott uteservering –
og Café Olé, som er open heile året og byr på god kaffi, søtbakst og lettare rettar.
Saman ønskjer vi å bidra til levande møteplassar i Geiranger – gjennom store delar av året.
Bildegalleri
FAQs
Kvar kan eg ete i Geiranger sentrum?
Brasserie Posten ligg sentralt i Geiranger og tilbyr både lunsj og middag.
Har de vegetaralternativ?
Ja, vi har vegetaralternativ på menyen.
Må ein reservere bord?
I høgsesong anbefaler vi bordreservasjon. Om det er fullt hos oss anbefaler vi søsterrestauranten vår Olebuda som er open i sommarmånadane.
Har de glutenfrie alternativt?
Ja, vi har glutenfrie alternativ på menyen.